Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Strålande dugnadsinnsats nok ein gong!

Vedlikehaldsdugnad april 2018  - Klikk for stort bildeVedlikehaldsdugnad april 2018 Hallgeir Hove

Den siste tida er det utført mykje bra vedlikehaldsarbeid ved Stordalshallen. Det ein har prioritert denne gongen, er nedvask og maling av kjøkken, grendasal og toalett/garderobar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.04.2018

Vedlikehaldsdugnad april 2018 - Lars Johan og Stig - Klikk for stort bildeVedlikehaldsdugnad april 2018 - Lars Johan og Stig Hallgeir Hove Vedlikehaldsdugnad april 2018 - Hilde og Roger - Klikk for stort bildeVedlikehaldsdugnad april 2018 - Hilde og Roger Hallgeir Hove Vedlikehaldsdugnad april 2018 - Odin vaskar ned - Klikk for stort bildeVedlikehaldsdugnad april 2018 - Odin vaskar ned Elin Storheim Vedlikehaldsdugnad april 2018 - lysare i grendasalen - Klikk for stort bildeVedlikehaldsdugnad april 2018 - lysare i grendasalen Hallgeir Hove

I løpet av tre lengre økter har ein langt på veg kome i mål med arbeidet og det er utført nærare 150 timar med dugnadsarbeid.  

Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, ved Hilde Dyrkorn, Torill Brastad, Anita Hallan og Hilde Rødset starta det heile, med flott innsats i løpet av påskeveka. Då fekk dei vaska ned kjøkkenet og elles gjort mykje godt arbeid. Heile 22 dugnadstimar til saman.

Laurdag 7. april fekk vi måla kjøkkenet, men ikkje nok det; vi fekk også vaska ned og måla heile grendasalen! Vidare fekk vi også støvsuga inn under scena. På skytebana var det m.a. gjennomgong av dei digitale skyteskivene, støvsuging av heile skytebana og nedvask av kjøkken. Stor takk til Hilde og Roger frå Dyrkorn Renhold, som stilte opp heile dagen, med all sin ekspertise og medbrakt uunværleg utstyr frå kl 09.30 til 18.30! Stor takk også til Per Kjell Holtleite som stilte med stødig stillas og som klivra høgt og lavt, heile dagen! Desse var med, i tillegg til underteikna og vaktmeister Jøran Gudmestad: Per Kjell Holtleite, Ingebjørg Holtleite, John Steinar Storheim, Palma F Øvrebust og Svein Harald Øvrebust frå folkedansgruppa. Marie F Hovde og Anna Margrethe D Moe frå Mental Helse. Lars Johan Nygård, Stig Falling, Roar Søvik og Johan Bernt Øvrebust frå skyttarlaget og Anne-Berit Nyli frå pistolklubben. Samla sett vart det nok utført godt over 100 dugnadstimar denne dagen.

Tysdag den 10. april held arbeidet fram og då var denne gjengen i sving: Vaktmeister Jøran Gudmestad, saman med Alfred Johansen, Ole Magnar Øvrebust, Arna Øvrebust og Anne Marit Johansen frå folkedansgruppa. Frå fotballgruppa stilte Frank Olsen og Morten Tvervåg, medan Elin Storheim og Odin representerte gruppa "Leik for dei yngste". Då vart scena i grendasalen også ferdig måla, slik det no er 100% ferdig der. I tillegg kom ein eit godt stykke på veg med arbeidet med å vaske ned og måle toaletta. Når vi får lagt bak oss Fylkesfestivalen, satsar vi på å få fullført det som står att og reknar med at det er mange andre der ute, som også kan tenkje seg å stille på.

I samband med vedlikehaldsarbeidet i grendasalen, vart det også klart at gardinene der var modne for utskifting. Det var då ekstra gledeleg at Nevotex ynskjer å bidra med stoff til nye gardiner! Truleg snakkar vi her om ein kostnad på rundt kr 5.000,-. Så har Hilde Dyrkorn teke på seg å syte for at gardinene vert sydd ferdig. Også det heilt eineståande sjølvsagt! Planen er då også at gardinene i foajeen skal skiftast ut og bli av same type.

 

Sjå eige bildegalleri på Stordalshallen si facebookside, for meir om den supre innsatsen

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje, der vi viser dømer på tidlegare unike dugnadsinnsats ved Stordalshallen!

 

Stor takk til alle som har vore med og bidratt i samband med vedlikehaldsarbeidet som no er utført!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS