Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Tilskot til inkludering av barn i låginntektsfamiliar

bufdir.png - Klikk for stort bilde

Barne- ungdoms- og familiedirektoratet utlyser no "Nasjonal tilskuddsordning for inkludering av barn i lavinntekstfamilier". Søknadsfristen er 10. desember. 

Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 23.11.2018

Formålet med ordninga (tidlegare "Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom") er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Ordninga skal vere eit verkemiddel for å betre muligheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje 
Ordninga er eit av fleire tiltak i regjeringa sin  strategi som skal bidra til å nå regjeringa sitt mål om at alle barn, uavhengig av foreldra sin økonomi, skal ha muligheit til å delta regelmessig i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre.

Korleis søkje?
Regelverk, rettleiar og innlogging til søknadsportal finn du på heimesida til Barne- ungdoms- og familiedepartementet Bufdir.

Kontaktperson i Stordal kommune:
Bjørg Jacobsen, telefon 90529164 eller på e-post: bjorg.jacobsen@stordal.kommune.no

Søknadsfrist: 10. desember 2018

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Liv Gunvor Hove Midtbust
Stordal sommarsentrum
Liv Gunvor Hove Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS