Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

To ledige stillingar som sjukepleiar 100% i Stordal kommune

Stilling ledig ny - Klikk for stort bilde Stordal kommune har ledig følgjande stillingar på institusjon (Stordalstunet):

1. Sjukepleiar 100% fast stilling dag/kveld med arbeid 3. kvar helg
2. Sjukepleiar 100% fast stilling dag/kveld med arbeid 3. kvar helg
 Søknadsfrist 12.12.2018.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 30.11.2018

sjukepleier - Klikk for stort bilde Stordalstunet er ein liten og oversiktleg institusjon som består av 19 institusjonsplassar med avlastningsopphald, kortidsopphald og langtidsopphald.

Stordal kommune tilbyr spanande og varierte omsorgsoppgåver der ein har stor friheit til å
bidra til å skape gode helsetenester for våre brukarar.

Arbeide med helsefremjande og førebyggjande tiltak, samt helsefagleg behandling. Spesifikke sjukepleiefaglege oppgåver og handtering av akutte situasjonar.

Som medarbeidar hos oss er du ein verdifull tilsett. Vi har ein arbeidsplass der vi ønskjer å sjå og oppmuntre kvarandre.
 

Vi ser etter deg som er

  • Løysningsfokusert, fleksibel og ny tenkjande
  • Er lagspelar og jobbe tverrfagleg samstundes kan jobbe sjølvstendig
  • Ein relasjonsbyggjar i møte med brukarane og medarbeidarane
  • Er engasjert, ansvarsfull og likar å ta initiativ
  • Oppdatert innan eige fagområde og trivast med fagutviklingsarbeid

Vi er opptatt av fagleg utvikling og tilbyr våre medarbeidarar gode moglegheiter til å
vidareutdanne seg. Vi har ein stipendordning som legg til rette for at du kan studere i
arbeidstida og får ein god moglegheit for eigenutvikling.

 

Utdanning og erfaring

  • ha norsk godkjent autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant etterutdanning
  • ha gode datakunnskaper
  • ha gode norskkunnskaper - skriftlig og munnleg
  • kunne legge fram godkjent politiattest
  • ha førarkort klasse B (er ikkje kravd på helsefagarbeidarstilling)
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Dato for tiltreding etter avtale. Midlertidig tilsetting kan bli vurdert ved mangel på søkjarar med ønska kvalifikasjonar. Ledig stilling, i utlysnings- og tilsettingsperioden eller grunna intern omplassering, kan bli gitt tilbod om ved tilsetting.


Tilsetjing-, løns- og arbeidsvilkår jf. gjeldande lov- og avtaleverk. Fleire opplysningar om stillinga får du hjå leiar på Stordalstunet Grete Kvammen Tøsse (70279160). Søknad vedlagt CV vert å sende til postmottak@stordal.kommune.no eller til Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal.
 

Søknadsfrist 12.12.2018.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Gjennom Kokarsteinen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS