Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Trenings-, øvings- og opningstider, haust 2018

Futsal er veldig poulært - Klikk for stort bildeFutsal er veldig poulært Hallgeir Hove

Det er på tide å presentere ei oversikt over trenings-, øvings- og opningtidene (vi kjenner) gjeldande for denne hausten. Vi gjer merksam på at det kan kome endringar etterkvart her, men dette er iallefall eit utgangspunkt når vi no har starta opp september månad.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.09.2018

Stordal skulekorps øver fast i grendasalen - Klikk for stort bildeStordal skulekorps øver fast i grendasalen Hallgeir Hove Stordal skyttarlag tilbyr m.a. rekrutteringsskyting - Klikk for stort bildeStordal skyttarlag tilbyr m.a. rekrutteringsskyting Harry Tøsse Bassenget vil vere mulig å bruke frå 15. oktober til 21. desember - Klikk for stort bildeBassenget vil vere mulig å bruke frå 15. oktober til 21. desember Ved frivilligsentralen er der også eigen utstyrsbase med skøyter, skisko og hjelmar - Klikk for stort bildeVed frivilligsentralen er der også eigen utstyrsbase med skøyter, skisko og hjelmar Bjørg Jacobsen

Mykje info er alt på plass, men framleis manglar vi litt når det gjeld idrettshallen og treningstidene der, samt når det evt blir mulig å nytte bassenget ved Stordal skule denne hausten. (etter planen vil det vere mulig å nytte bassenget frå 15. oktober til 21. desember) For dei som enno ikkje har meldt inn ynskje om treningstid i idrettshallen (ja, de las heilt rett..) er det berre å sjekke oversikta over tidene som alt er fordelte og ta kontakt snarast.

For alle dei som skal trene, eller øve i Stordalshallen, anten det no er i idrettshallen, i grendasalen, eller på skytebana, er det viktig å få med seg informasjonen nedanfor her.

 

 

Sjølvsagt høyrer det også med å vise til kulturkalenderen vår der ein del av dei mange arrangementa framover, også vert presentert.

 

STORDALSHALLEN

BRUKARMØTE DENNE HAUSTEN:

Vi køyrer vidare med praksisen der dei obligatoriske brukarmøta vert avvikla annakvar haust. Sist haust vart ikkje slikt møte gjennomført og dermed er det klart for møte dette året. I tillegg til branninstruks og rutiner ved brann, samt instruksen for bruken av Stordalshallen generelt, vert det då som regel anten gjennomført ei brannøving, eller vi køyrer ei oppfrisking i høve til dette med bruken av hjertestartar og hjerte - lunge - redning (HLR). Denne gongen legg vi opp til det siste. Om nokon framleis skulle vere i tvil, så betyr obligatorisk her at det ikkje er slik at ei gruppe kan unnlate å stille med nokon på møtet og likevel tru at ein kan ta i bruk Stordalshallen til trening eller øving. Vi kjem tilbake med fleire detaljar vedr dette møtet, noko seinare.

Her er reportasje frå brukarmøtet i 2014

Her er reportasje frå brukarmøtet i 2016

I tillegg til brukarmøta, gjennomfører vi også regelmessige kurs i bruken av hjertestartaren vår.
 

TRENINGAR/ØVINGAR SOM GÅR UT AV OG TIL:

Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Ja, faktisk er det blitt slik at vi dessverre må seie nei til mange av dei som ynskjer å kome, nettopp fordi det alt er reservert til andre. For å halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som vert råka på pga slik utleige, er det viktig at ein også fyl med på dette. Sjå oversikta nedst på sida her! (denne blir oppdatert med jamne mellomrom, slik ein skal kjenne til dette god tid i førevegen)

VIKTIG Å SETTE SEG INN I INSTRUKSANE!

Ein vil igjen minne om at det er ekstra viktig at alle som får ansvar for aktivitetar ved Stordalshallen, set seg grundig inn i gjeldande instruksar. Dette ikkje minst utifrå sikkerheitsomsyn, men også fordi det skal vere kjekt å kome til Stordalshallen og ta denne i bruk. Legg merke til at dette er presisert ytterlegare også i sjølve søknadsskjemaet. Sjå instruks for bruken av Stordalshallen, som pdf (PDF, 56 kB).


STADIG FLEIRE FYL OSS PÅ FACEBOOK!

Dei fleste av dykk har alt funne ut at Stordalshallen har eiga facebookside. Vi har for lengst passert 1 000 fyljarar. For alle desse vert det endå lettare å halde seg oppdatert på alt det som skjer og mange av dei har også vunne seg gåvekort frå Elkjøp i Breivika, på kr 500,-.

 

Oversikt over trenings-, øvings- og opningstidene, hausten 2018 (PDF, 113 kB)

Oversikt over trening og øvingar som må gå ut pga av arrangement o.l. i september og oktober 2018 (PDF, 109 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Eit gammalt speilbilde....
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS