Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Turistinformasjon norsk


Stordal gamle kyrkje vart bygd i 1789. Kyrkja vert også kalla Rosekyrkja, pga. rosemålingane og treskruden inne i kyrkja. Rosekyrkja er verkeleg verdt eit besøk. Rosekyrkja er open med omvisningar for publikum kvar dag mellom kl. 11.00 og 16.00 i perioden 20.06 - 20.08

For fleire opplysingar om omvising i kyrkja, ta kontakt med guidane i Prestestova som står på tunet like ved Rosekyrkja, eller ta kontakt med guidane i Prestestova på tlf. 70 27 81 40. Utanom opningstid kan du også ringe tlf. 70 27 80 07/ mob. 907 57 642 - Kristian Almås.

Løsetstova: Den eldste delen av Løsetstova i Stordal, vart bygd i 1790. Den er seinare påbygd utan at ein veit årstal. Huset har ei grunnflate på 125 m2. I tillegg kjem ein svalgang på baksida av huset på 6 m2. I 2.etg. er det loft i kvar ende av huset. Det er og ein liten kjellar under.
Huset stod på garden Løset, gnr. 150, bnr. 2 i Stordal, og tjente som bustad til fam. Martin Løset fram til 1943. I 1971 vart huset rive og lagra, og på slutten av 1987 stod huset ferdig oppattsett på tomt ved siden av Stordal gamle kyrkje - Rosekyrkja.
Løsetstova er open for ev. omvisning i tida 20.06.-18.08.99, mellom kl. 11.00-16.00.

Ytste Skotet ligg i det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden i Stordal kommune. Denne gamle garden er plassert på eit høgt framspringande nes, saman med to andre bruk.
Tilkomsten er vanskeleg, anten må ein kome med båt over fjorden eller til fots over fjellet. Dei tradisjonelle driftsmåtane med korn på innmarka og beite og slått i utmarka har vore haldne ved lag heilt til dei siste brukarane flytte derifrå i 1954. Kulturlandskapet har eit interessant og typisk bygningsmiljø, spesielle tekniske anlegg og omkringliggande kulturmarkstypar.

Stiftinga Ytste Skotet: Storfjordens Venner er ei foreining som arbeider for vern av kulturminne. Det er dei nedlagde fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre med armane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden som er interesseområdet for foreininga.
E.mail: skotet@xi.no

Storfjordens Venner vart skipa i 1975. Foreininga ville prøve å redde dei særmerkte gardane for ettertida, før det var for seint. I 1989 mottok Storfjordens Venner Ytste Skotet utan vederlag av dei siste brukarane. I 1990 vart det skipa ei eiga stifting som skulle ha ansvaret for drifta av garden. Denne stiftinga er samansett av representantar frå Stordal kommune, Sunnmøre Museum, Møre og Romsdal fylkeskommune og Storfjordens Venner.
Tlf. 975 08 300 (Stiftinga Ytste Skotet)

Korleis kome seg til Ytste Skotet ?
For å kome deg til Ytste Skotet må du ta båt frå Stordal sentrum, ev. Dyrkorn, til fjøresteinane like nedanfor fjordgarden Ytste Skotet.
Skyssbåten frå Dyrkorn går dagleg sommarmånadane.

For fleire opplysningar om Ytste Skotet, ta kontakt på tlf. 975 08 300 / 70 25 97 38, ev tlf. 70 27 91 00 (Stordal kommune)
Postadr: Sunnmøre Musum, Pb. 6607 Hatlane, 6024 Ålesund.
E-post: skotet@xi.no

SJÅ OGSÅ "KULTUR OG FRITID" FOR MEIR.


AKTIVITETAR I KOMMUNEN:

Stordalshallen er ein hall som er tilrettelagt for allsidige idretts- og kulturaktivitetar. Hallen stod ferdig i januar 1997, etter eit imponerande samarbeidsprosjekt mellom næringsliv, innbyggjarar og kommunen/fylkeskommunen. Stordalshallen ligg sentralt til ved Stordal skule/Kirkebø stadion.

Hallen inneheld:
Idrettshall med standard fleirbrukshall, 44 x 23 meter.
8,6 meter høg klatrevegg.
Kulturdel med tilhøyrande kjøkken, toalett og garderober.
Miniatyrskytebane.
Stordalshallen tlf. 70 27 91 95. Kontaktperson: Hallgeir Hove, tlf. 70 27 91 23 ev. 909 49 358.

Nye Kirkebø stadion vart opna den 27. juni 2008. Kunstgrasbane i full storleik, samt 2 femmarbaner kom då på plass. I tillegg, flott løpebane med tartandekke og flomlysanlegg. 

Stordal Alpinsenter: Like ved Langsætrane - på garden Overøye ca. 15 km. frå Stordal sentrum - finn du Stordal Alpinsenter,  som kan by på stabile snøforhold gjennom heile vinteren. Anlegget har flotte løyper både for dei yngste og dei meir erfarne - anten du køyrer på slalåmski, telemarkski eller snøbrett. Anlegget er nyleg blitt utvida med fleire skitrekk og trasear. Totalkostnaden kom på om lag 12 million. I området ved alpinsenteret er der og gode turløyper. Overøye er også eit populært område for dei som driv med hanggliding og paragliding.
Stordal Alpinsenter: Tlf. 70 27 83 90.


Fjellbakken hoppbakke på Stavsengfjellet er eit nytt, moderne hoppanlegg med fem bakkar, lysanlegg og skitrekk.


Stavsengfjellet skisenter A/L: stiller med preparerte langrennsløyper alle dagar i vinterhalvåret. Her er 3 km. preparerte løyper, som kan brukast både på dag- og kveldstid.

For nærare opplysningar ta kontakt med leiar i langrennsgruppa i Stordal IL.

Fiske i fjord, elv og fjellvatn:Stordal byr på godt fiske både i elvar, fjellvatn og i fjorden. Småbåthamna i Stordal sentrum er eit godt utgangspunkt for deg som likar sjølivet. Dei som vil prøve seg etter laksen i Stordalselva, kan kjøpe fiskekort på Stordal Camping eller hos enkelte grunneigarar.

I dei mange fjellvatna og småelvane kan du få fine fangstar av aure.

Fjellturar: I Stordal finn du fint turterremg, som eignar seg godt for turar både sommar og vinter. Naturen er variert og utfordrande. I Overøye/Langsæterområdet i Stordal har ein eit svært attraktivt tur- og friluftsområde med stor utfart, særleg vinterstid.

Fjellområda innbyr til lengre turar også utover kommunegrensene, Her er turstiar frå Stordalsfjella til Måndalen, Innfjorden, Tresfjord, Vaksvik og Valldal. Høgste fjellet i området er Seljebotntind på 1531 meter.

Meir om friluftslivstilboda i kommunen her.


Kommunikasjon: Riksveg 650 går gjennom Stordal, denne vegen er ei viktig turistrute og eit naturleg vegval mellom kjende turiststader som Trollstigen og Geiranger på indre Sunnmøre og fugleøya Runde og Ålesund ute ved kysten. Stordal ligg om lag 60 km frå Ålesund og om lag 50 km frå Geiranger.

Frå Stordal tek det om lag 45 minutt å køyre til Ålesund. Ålesund Lufthamn Vigra når du på noko over ein time. Til Geiranger tek det om lag ein time å køyre inklusiv ferje. Sommarstid kan det gjerne ta noko meir tid, då det er stor trafikk på ferjesambandet Eidsdal-Linge. Til Molde tek det noko over ein time å køyre inklusiv ferje.

Spørsmål om busskorrespondanse til og frå Stordal, kan rettast til Trafikkanten Møre og Romsdal på tlf. 177.

Spørsmål om flykorrespondanse til og frå Ålesund Lufthavn Vigra, herunder bilettbestilling kan rettast til følgjande flyselskap:

SAS Braathens Reisesenter tlf. 05400.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Hallgeir Hove
Bilete frå visningstur 06 I
Hallgeir Hove
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS