Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Varsel om oppstart - rullering av arealdelplan for Nørdalen - Stordal kommune

Arena Overøye.jpg - Klikk for stort bilde

Arealdelen av kommuneplanen legg juridisk bindande føringar for kva dei ulike areala skal nyttast til, og arealdelplan for Nørdalen skal no rullerast.

Frist for å kome med innspel er: 30. mars 2018.

 

Publisert av Alexander Oudijk. Sist endret 12.02.2018

I prosessen skal framtidig bruk av arealet vurderast. Innspel frå innbyggjarar, utbyggjarar, organisasjonar, grunneigarar og andre er essensielt for å kunne danne eit bilete over kva utvikling som er ønska/aktuelt for dei involverte. Absolutt alle kan kome med innspel til planen, og innspela vert vurdert fortløpande. Det er viktig at desse kjem inn så tidleg som råd, då det i dei fleste tilfelle vil vere problematisk om dei kjem inn seinare i prosessen. Dette er mellom anna fordi alle skal få anledning til å gje merknader på endringane det vert lagt opp til.

Planprogrammet gjev meir informasjon om korleis planprosessen gjeng føre seg og vi vonar flest mogleg engasjerer seg og kjem med innspel/synspunkt.

Stordal kommunestyre vedtok i møte den 31.01.18 oppstart av arbeidet med rullering av arealdelplan for Nørdalen og ein sender no planprogrammet på høyring. Ein varslar no oppstart på eit betydelig område som grovt sett omfattar områda frå Mo/Vad og ut til kommunegrensa i aust og nord-aust. Sjå illustrasjon av planavgrensing i planprogrammet.

Det er viktig at alle nyttar denne prosessen til å påverke planprosessen slik at resultaten blir ein god plan for den framtidige Nørdalen.
Det vert arrangert folkemøte for å drøfte arealplanen måndag 5. mars 2018 i Grendasalen kl 19.00.

Innspel må sendast skriftleg. Frist for å kome med innspel er 30. mars 2018.

For å sjå gjeldande dokument kan ein gå inn på www.stordal.kommune.no. Innspel sendast per epost til postmottak@stordal.kommune.no elller brev til Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal.

Lagt ved er planprogram og saksdokument.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Haust på Mosætra
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS