Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vekas turar

Hegguraksla.jpg - Klikk for stort bilde

Bli med til Hegguraksla!

Måndag 19. august kan du få god oversikt over Norddal kommune om du blir med på vekas tur til Hegguraksla. Herifra har du vidt utsyn til bygdene våre.

Klikk "les mer"

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 14.08.2019

Vi følgjer setervegen 2,5 km oppover til Nysetra. Vidare derifrå på rås til Hegguraksla, først slakt oppover, etterkvart meir stigning. Varden på Hegguraksla ligg 1000 moh. og gir eit flott og vidt utsyn både innover Tafjorden og utover Norddalsfjorden og til bygdene og fjella ikring. Valldal IL har trimpost her. Det er god rås vidare innover til Heggurdalstølen, og litt innanfor varden kan ein sjå ned til overvakningsbasane for fjellskred. Staden der Langhammaren rasa ut og forårsaka Tafjordulukka i 1934 er også godt synleg.
Oppmøte på parkeringsplassen på Hauge kl 1800. Ferje frå Eidsdal kl 1720.
Turen går på grusveg og god rås og tek 3-4 timar inkludert kaffi- og fotostopp. 

Turleiar er Valldal IL/Andreas Håvoll (tlf 91889745).
 
Møllsvatnet.jpg - Klikk for stort bilde
 
 
 
 
Torsdag 22. august går turen til Møllsvatnet i Eidsdal /Geiranger torsdag 22. august. Oppmøte på Korsmyra kl 1800.
 
 
Storvatnet.jpg - Klikk for stort bilde
Laurdag 14. september inviterer vi til fellestur frå Stordal til Valldal.
Bli med på markeringa av at vi no går mot Fjord kommune. Eva Hove og Per Magnus Berdal er turleiarar.
Oppmøte på Langsetrane kl 10. Turen tek 5-6 timar.
Det blir organisert skyss tilbake for å hente bilane.
 
Bli med! Turane er open for alle! Vel møtt!
 
 
 
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Idyll ved Lillevatnet
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS